Trylleshow i Gol

Fullt kaos og magiske gapskratt:
Tryllekunstneren JOJO lager kjempeshow for barna på Gol!

Trylleshow for heile familien, der barn mellom 3 og 12 år får hovudfokuset. Laurdag 17. oktober 2026

Hallingdals eigen magikar, lovar hakeslepp, ellevill humor og magi som engasjerar. Laurdag 17. oktober forvandlast Vonheim på Gol til ei kokande heksegryte av mystikk og moro – og denne gongen er det barna som har hovudfokuset.

Gjer deg klar til ein laurdag utanom det vanlege. Tryllekunstnaren JOJO er kjend for å bergta publikum med show i heile Norge, men det er i Valdres og Hallingdal som får dei fleste trylleshowa. No rullar han ut sitt mest engasjerande familieshow. Dette blir ein unik miks av nervepirrande illusjonar, lynraske fingerferdigheitar, og morosam komedie.

Barna blir stjernene på scena

Dette er alt anna enn eit keisamt show der ein må sitje stille og halde kjeft. Hos tryllekunsnaren JOJO står barna i sentrum frå fyrste sekund. Dei blir dregne med i magien, må rope ut trylleformlar, og fleire heldige og tøffe assistentar blir inviterte opp i rampelyset for å hjelpe til med å gjere det umoglege mogleg.

Det blir garantert store auge, høglytt latter og magiske minner for heile familien.

Praktisk informasjon:

Kva: Trylleshow for heile familien med Tryllekunstnaren JOJO

Dato: Laurdag 17. oktober 2026, kl 17.00 til ca 18.15

Stad: Vonheim, Hemsedalsvegen 21, 3550 Gol

Billettar: https://bestill.albillett.no/
Selges også i døra, mot kontanter og vipps.